Eigedomsskattesatsar – første gongs utskriving

I ein kommune hadde det vore skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk med høgste sats på sju promille då kommunen vedtok å utvide området for eigedomsskatt til å gjelde heile kommunen. Etter eigedomskattlova § 13 skal skattesatsen det første året ikkje overstige to promille, men ombodsmannen meinte det ikkje var nokon urett når eit hotell, ved innføringa av eigedomsskatt i heile kommunen, vart skattlagd etter same sats som alt var nytta for verk og bruk. Det vert ikkje rekna som første gongs utskriving når ein kommune alt har skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk og seinare utvidar området for eigedomsskatten.

A klaga til ombodsmannen over at hotell Y i X kommune vart ilagt eigedomsskatt etter ein høgare sats enn to promille, enda hotellet aldri før hadde vore skattlagd, og ho bad om ombodsmannen si vurdering.

Ved avslutninga av saka uttalte eg:

«Det går fram av X kommune sin heimeside at kommunestyret i møte … vedtok å innføre generell eigedomsskatt for heile kommunen med verknad frå 1. januar 2008, og at det frå før var eigedomsskatt for verk og bruk i heile kommunen. Retten for kommunane til å skrive ut eigedomsskatt for heile kommunen vart innført ved lov 16. juni 2006 nr. 25 med verknad frå og med skatteåret 2007.

Etter eigedomsskattelova 6. juni 1975 nr. 29 § 11 første leden skal «[e]igedomsskatten … vera minst kr 2 og ikkje meir enn kr 7 for kvar kr 1.000 av takstverdet».Og vidare går det fram av § 13 første leden første punkt at «[f]ørste året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1.000 av takstverdet». Det sentrale i forhold til di sak er kva som skal reknast som første gongs utskriving i X kommune.

Finansdepartementet har uttala seg om dette i Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv. pkt 14.4.4.3 om val av eigedomsskattesatsar ved utskrivinga (som du også, for så vidt gjeld dei tre første avsnitta, har vist til i brevet 1. juli 2008 til X kommune):

«Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret. I samsvar med eigedomsskattelova § 11 skal eigedomsskatten vere minst 2 promille og maksimum 7 promille av takstverdien.

Det første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune eller ein del av kommunen, må skatten ikkje vere større enn 2 promille av takstverdien, jf. eigedomsskattelova § 13.

Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn 2 promille. For huslause eigedomar og bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar kan skatten likevel aukast med 3 promille.

Desse reglane gjeld som nemnd når det ikkje vert skriven ut eigedomsskatt året før i kommunen. Departementet har lagt til grunn at det ikkje vert rekna som slik første gongs utskriving når kommunen utvidar området for eigedomsskatten. Eit døme på dette er når kommunen tidlegare berre har skreve ut eigedomsskatt i einskilde delar av kommunen, men seinare vel å skrive ut eigedomsskatt også på nye område som har utvikla seg til å vere utbygd på byvis. Departementet legg difor til grunn at kommunane vil kunne nytte same skattesats på dei eigedomane som kjem til som følgje av at alternativet med å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen vert nytta. Dette er også i samsvar med prinsippet i siste ledd i § 13, som fastsett at kommunen kan bruke same sats som tidlegare også i område som kjem til gjennom ei utviding av kommunegrensane. Departementet ser difor ikkje behov for å fatsette noko særskild overgangsregel om dette. Om kommunen til dømes skriv ut eigedomsskatt med høgaste sats i dag, jf. eigedomsskattelova § 11, vil dette òg gjelde eigedom i det nye geografiske verkeområdet, dersom kommunen vel å ta dette nye verkeområdet inn i skatteutskrivinga. Generelt lågare sats kan likevel veljast, om kommunen skulle finne det ønskjeleg i samband med val av utvida verkeområde.»

Finansminister Kristin Halvorsen svarte i brev til Stortinget 13. mai 2008 på spørsmål 1023, som gjaldt vedtaking av skattesats på eigedomar som kjem til som følgje av at alternativet med å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen vert nytta. Ho viste her til Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) slik det går fram av siste avsnitt ovanfor, og sa så mellom anna dette:

«Hensynet til forutsigbarhet og de skattepliktiges økonomi, som er begrunnelsen for regelen i eigedomsskattelova § 11 om en gradvis økning av eiendomsskattesatsen, må i disse tilfellene vike for hensynet til likebehandling av skattyterne. Jeg anser det verken som rettferdig eller i tråd med gjeldende rett at nye områder som kommer til beskatning i kommunene skal undergis en lavere skattesats enn de som også tidligere har vært pålagt eiendomsskatt.»

Eit liknande spørsmål har vore omtalt i juridisk teori, og konklusjonen har også der vore at likskapsprinsippet fører til at det ikkje vert rekna som første gongs utskriving når kommunen utvidar området for eigedomsskatten. Det går fram av boka til Mattis Stavang, Eigedomsskatt, 1994, s.76 at:

«Lite praktisk, men mogeleg, er det også at tettstaden i ein kommune får eigedomsskatt seinare enn verk og bruk utanfor tettstaden. Kommunestyret treng då ikkje starte på eit lægre nivå for skattesatsen i tettstaden enn det som alt gjeld for verk og bruk. Likskapsprinsippet fører til denne tolkinga.»

Gjennomgangen av saka gjev etter dette ikkje haldepunkt for at ytterlegare undersøkingar herifrå vil kunne føre til rettslege innvendingar mot at hotell Y, ved innføringa av eigedomsskatt i heile X kommune, vert skattlagd etter ein høgare sats enn to promille.

Eg kan etter dette diverre ikkje vere til vidare hjelp med denne saka.»