Om oss

Kven er Sivilombodsmannen?

Sivilombodsmannen arbeider for at ingen skal bli utsette for urett frå forvaltninga, og blir vald av Stortinget for fire år om gongen. Aage Thor Falkanger blei vald til sivilombodsmann i 2014. Kontoret til Sivilombodsmannen ligg i Oslo sentrum, og her jobbar rundt 60 menneske i tillegg til ombodsmannen sjølv.

Sivilombudsmannen har ei avdeling, førebyggingseininga, som jobbar for at menneske som er fråtekne fridomen skal bli behandla på ein god og respektfull måte. Å vere fråteken fridomen kan til dømes bety at du er på ein institusjon mot di eiga vilje. Førebyggingseininga har åtte tilsette som besøkjer fengsel, politiarrestar, psykisk helsevern og barnevernsinstitusjonar.

Sivilombodsmannen har òg tre avdelingar som behandlar klager frå enkeltpersonar og ei avdeling som undersøkjer saker på eige initiativ. Du kan lese meir om klageprosessen her.

 

Portrettbilde av sivilombudsmann Aage Thor Falkanger.
Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger

Førebyggingseininga til Sivilombodsmannen

Sivilombodsmannen vil at alle barn og unge på institusjonar skal bli behandla bra. Derfor besøkjer vi institusjonar der nokon må vere fordi styresmaktene, til dømes barnevernet, politiet eller helsevesenet, har bestemt det. Vi seier ikkje frå på førehand om når vi kjem på besøk. Dette gjer vi fordi vi ønskjer å få eit rett inntrykk av staden vi besøkjer. Sivilombodsmannen er heilt uavhengig av dei tilsette på institusjonen og av styresmaktene.

Sivilombodsmannen har fått førebyggingsmandatet sitt frå FN og frå Stortinget. Kvart år lagar vi ein rapport til FN og Stortinget der vi skriv om kva vi har gjort det siste året, institusjonar vi har besøkt og kva tilrådingar vi har gjeve dei stadene vi har besøkt.

Eit eige rådgjevande utval gjev oss råd og innspel i arbeidet. I dette utvalet sit fleire organisasjonar som har kunnskap om slikt som menneskerettar, barn og unge, psykisk helsevern osv., mellom andre Amnesty International Norge, Mental Helse Ungdom og Barneombodet. Fire gonger om året har vi møte med det rådgjevande utvalet.

Sivilombudsmannen sammen med forebyggingsenhetens medarbeidere.
Sivilombodsmannen og førebyggingseininga sine tilsette