Om å klage

Sivilombodsmannen behandlar klager frå enkeltpersonar på avgjerder tekne i det offentlege. Ei klage kan handle om ei avgjerd, eller eit vedtak, frå kommunen, fylket, ein skule, Nav, eit direktorat eller eit departement, for å nemne nokre moglegheiter. Når du har brukt alle klagemoglegheitene i forvaltninga og framleis meiner at vedtaket er feil, kan du klage til Sivilombodsmannen. Dersom du meiner at forvaltninga brukar for lang tid på saka di, kan du òg klage på det.

Dersom Sivilombodsmannen meiner at forvaltninga har gjort noko feil, vil han skrive ei fråsegn og be forvaltningsorganet det gjeld om å sjå på saka på nytt. Fråsegnene er ikkje bindande, men forvaltninga rettar seg nesten alltid etter Sivilombodsmannen.

Illustrassjonsbilde, Jente og gutt, ca 12 år, sitter inntil vegg med graffiti, smiler og ser i kamera.

Dersom du vil klage på eit vedtak*, kan du enkelt gjere det ved å bruke Sivilombudsmannen sitt klageskjema, eller du kan sende eit brev til: Postboks 3 Sentrum, 0101 Oslo. Vi som jobbar i førebyggingseininga til Sivilombudsmannen kan òg ta imot klager når vi er på besøk.

*Eit vedtak er ei skriftleg avgjerd som er teken av ei offentleg styresmakt.

Kva kan du klage på?

Du kan til dømes klage dersom du er usamd i det som blei bestemt i eit vedtak, eller dersom du tykkjer det har gått for lang tid utan at du har fått svar.

Når kan du klage?

Før du kan klage til Sivilombodsmannen, må du bruke alle dei andre vanlege klagemoglegheitene i forvaltninga. Til dømes kan ein klage til Fylkesmannen om bruk av tvang dersom ein er på ein barnevernsinstitusjon. Dersom du ikkje får medhald i klaga hos Fylkesmannen, må du klage til kontrollkommisjonen. Dersom du framleis ikkje får medhald, kan du klage til Sivilombodsmannen.

Spørsmål?

Har du spørsmål om korleis du skal klage eller kven du kan klage til? Sjekk Ofte stilte spørsmål på nettsidene, eller ring til Sivilombudsmannen på telefon: 22 82 85 00. Her får du snakke med ein jurist som kan gje deg råd om kvar og korleis du kan klage.