Besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen

Før besøka

Kvart besøk startar med at det blir henta inn informasjon frå ei rekkje kjelder, mellom anna frå staden, frå tilsynsstyresmakter og andre relevante instansar. Førebyggingseininga har tilgang til alle naudsynte opplysningar som har noko å seie for tilhøva for menneske som er fråtekne fridomen.

Under besøka

Hovudfokuset under førebyggingseininga sine besøk er alltid å ha private samtaler med dei som er fråtekne fridomen. Desse samtalene er viktige for å få kunnskap om korleis menneska på staden opplever sin eigen situasjon og staden dei er på. Det blir òg gjennomført samtaler med tilsette og leiinga og med andre relevante partar, som helsepersonell, fagforeiningar, erfaringskonsulentar osv. Dessutan blir det gjort ei synfaring på staden og dokument blir analyserte. Det er viktig å innhente informasjon frå fleire kjelder og med ulike metodar. Det blir brukt tolk når det trengst.

Forebyggingsenheten på besøk i Kongsvinger fengsel
Besøk i Kongsvinger fengsel, august 2015.

Etter besøka

Kvart besøk blir oppsummert i ein rapport som skildrar funn og risikofaktorar som blei avdekte ved besøket. Rapporten inneheld òg Sivilombodsmannen sine tilrådingar for å minske risikoen for at menneske som er fråtekne fridomen, blir utsette for tortur og umenneskeleg behandling.

Stadene som førebyggingseininga har besøkt, får ein frist for å orientere ombodsmannen om oppfølginga av tilrådingane. I tillegg har dei norske styresmaktene plikt til å vurdere Sivilombodsmannen sine tilrådingar og innleie dialog om moglege gjennomføringstiltak. Oppfølginga av besøk og tilrådingar er ein svært viktig del av førebyggingsarbeidet.

Infografikk som beskriver 8 faser av Sivilombudsmannens besøk: 1:Forberede besøket og innhente informasjon, 2:Gjennomføre besøket, 3:Utarbeide besøksrapport med funn og anbefalinger, 4:Publisere besøksrapporten, 5:Stedet som ble besøkt følger opp besøksrapporten, 6:Stedet orienterer Sivilombudsmannen om sin oppfølging av besøksrapporten, 7:Inngå dialog med stedet, 8:Vurdere eventuelt nytt besøk til stedet i fremtiden.
Gangen i Sivilombodsmannen sine besøk.