Medarbeidarar

Førebyggingseininga er tverrfagleg samansett av tilsette med ulik fagkompetanse og yrkesbakgrunn. Den tverrfaglege samansetjinga av eininga gjer at medarbeidarane utfyller kvarandre og gjev brei fagleg og metodisk kompetanse.

Dersom du ønskjer å kontakte førebyggingseininga, sjå kontaktinformasjon.

 Helga Fastrup Ervik, kontorsjef

Portrettbilde, Helga Fastrup Ervik

Helga er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har brei kompetanse på menneskerettsfeltet. Ho kom frå stillinga som direktør for Avdeling for rettferd og inkludering i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Tidlegare har ho mellom anna vore underdirektør i Seksjon for menneskerettar og demokrati i FN-avdelinga i Utanriksdepartementet.

Johannes Flisnes Nilsen, seniorrådgjevar

Portrettbilde, Johannes Flisnes Nilsen

Johannes er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen med spesialisering innanfor menneskerettar og flyktningerett frå University of Cape Town. Han har jobba hos Sivilombudsmannen sidan førebyggingsmandatet blei etablert i 2014. Han har tidlegare vore tilsett som seniorkonsulent ved Norsk senter for menneskerettigheter. Johannes er òg medlem av redaksjonen i tidsskriftet Kritisk Juss og har skrive juridiske artiklar om slike tema som sosiale rettar og soningstilhøve i fengsel. Han er òg medlem av Skandinavisk isolasjonsnettverk (SI).

Caroline Klæth Eriksen, rådgjevar

Portrettbilde, Caroline Klæth Eriksen

Caroline har ein bachelorgrad i internasjonale studium og fullførte mastergraden sin i menneskerettstudium ved Columbia University i 2011. Før ho blei tilsett hos Sivilombodsmannen, arbeidde ho for Human Rights Watch i Brussel med påverknadsarbeid, internasjonal strafferett og kommunikasjon. Ho har fleire års internasjonal arbeidserfaring og har mellom anna jobba med utdanningsspørsmål for UNESCO og vore praktikant ved den norske FN-delegasjonen i New York.

Jonina Hermannsdottir, seniorrådgjevar

Portrettbilde, Jonina Hermannsdottir

Jonina er utdanna kriminolog frå Universitetet i Oslo og har lang erfaring frå arbeid med sårbare menneske både i kommune og stat. Ho har arbeidd i fengsel både på Island og i Noreg. Jonina kom frå ei stilling som seniorrådgjevar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Mette Jansen Wannerstedt, seniorrådgjevar

Portrettbilde, Mette Jansen Wannerstedt

Mette er utdanna sosiolog frå Universitetet i Oslo. Ho har brei metodisk og analytisk kompetanse. Mette har lang erfaring som forvaltningsrevisor i Riksrevisjonen, der hun òg jobba som rådgjevar for Riksrevisjonen i Zambia. Ho har arbeidd i psykisk helsevern for barn og vaksne. Før ho starta hos Sivilombodsmannen, jobba ho i Helsedirektoratet si avdeling for levekår og helse.

Aina Holmén, seniorrådgjevar

Portrettbilde, Aina Holmén

Aina er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen og har ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Ho kjem frå ei forskarstilling ved Akershus universitetssykehus, der ho mellom anna var ansvarleg for prosjekt om ungdom med psykoselidingar og oppleving av tvangsbruk i psykisk helsevern. Ho har klinisk erfaring frå psykisk helsevern for barn/unge og vaksne.

Christian Ranheim, seniorrådgjevar

Portrettbilde, Christian Ranheim

Christian er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har brei erfaring frå menneskerettsfeltet. Han var tilsett ved Norsk Senter for Menneskerettigheter i ti år og har jobba internasjonalt mellom anna i Bosnia-Hercegovina, Aust-Timor og Sri Lanka. Før han kom til Sivilombudsmannen, var han leiar for det svenske Raoul Wallenberg-instituttet sitt kontor i Jakarta, Indonesia.

Jannicke Thoverud Godø, seniorrådgjevar

Portrettbilde, Jannicke Thoverud Godø

Jannicke er utdanna psykolog frå Universitetet i Oslo i 2006. Ho kjem frå ei stilling som prosjektleiar i Stovner bydel i Oslo kommune. Tidlegare har ho jobba i ulike delar av psykisk helsevern for barn/ungdom og vaksne.