Det rådgjevande utvalet

Sivilombodsmannslova og -instruksen slår fast at det skal oppnemnast eit rådgjevande utval som skal bidra med kompetanse, informasjon, råd og innspel til førebyggingsarbeidet.

Utvalet blei etablert våren 2014. Det rådgjevande utvalet er sett saman av 15 medlemmar frå ulike organisasjonar med kompetanse på område som er viktige for førebyggingsarbeidet, så som menneskerettar, barn, likestilling og diskriminering, brukarerfaringar frå ulike sektorar og kunnskap om tilhøva for ulike grupper menneske som er fråtekne fridomen.

Førebyggingseininga har fire møte i året med det rådgjevande utvalet, i tillegg til løpande dialog når det trengst.

Rådgivende utvalg 8. mai 2017
Det rådgjevande utvalet 8. mai 2017

Desse organisasjonane er representerte i det rådgjevande utvalet:

  • Nasjonal institusjon for menneskerettigheter
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Barneombodet
  • Menneskerettighetsutvalget i Advokatforeningen
  • Legeforeningen v/Norsk psykiatrisk forening
  • Menneskerettighetsutvalget i Psykologforeningen
  • Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS)
  • Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU)
  • Juss-Buss
  • Mental Helse Ungdom
  • We Shall Overcome
  • Nettverk for forskning og kunnskapsutvikling om bruk av tvang i det psykiske helsevernet (TvangsForsk)
  • Den norske Helsingforskomité (NHC)
  • Stiftelsen Retretten
  • Amnesty International Norge