Organisasjon

Sivilombodsmannen sitt kontor ligg i Akersgata 8 i Oslo. Kontoret har om lag 55 stillingar, og av desse er 40 juridiske medarbeidarar fordelte på fem ulike fagavdelingar og ein administrasjon.

Verksemda består av tre avdelingar som behandlar klagesaker frå personar som meiner seg utsette for urett frå forvaltninga, og ei utgreiingsavdeling som undersøkjer saker på eige initiativ. Dessutan arbeider Sivilombodsmannen under eit førebyggingsmandat frå FN for å førebyggje tortur og umenneskeleg behandling i institusjonar der menneske er fråtekne fridomen.

Sjå organisasjonskart 

Sjå Sivilombudsmannens tilsette

Aage Thor Falkanger og medarbeidarar
Sivilombodsmannen og medarbeidarar

Sivilombodsmannen sin strategi 2015-2019

Målet i Sivilombodsmannen sin strategiplan er at ombodsmannen skal arbeide for at den enkelte ikkje skal bli utsett for urett frå forvaltninga. Visjonen er å vere ei kjend og tydeleg røyst mot urett, og ombodsmannen sine verdiar kan mellom anna oppsummerast i stikkorda truverdig, objektiv og uavhengig, og respekt for enkeltmennesket.

Les Sivilombodsmannen sin strategiplan, 2015-2019

Les Sivilombodsmannen sin kommunikasjonsstrategi, 2016-2019