Aage Thor Falkanger

Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger blei fødd i 1965 i Oslo. Han tok juridisk embetseksamen i 1991. Deretter arbeidde han som advokatfullmektig hos Regjeringsadvokaten. Frå 1992 var han dommarfullmektig i Nord-Troms heradsrett. I 1999 blei han dr. juris etter å ha vore stipendiat ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø frå 1995.

Falkanger var lagdommar i Hålogaland lagmannsrett frå 1999 til 2007 og professor ved Universitetet i Tromsø frå 2007 til 2010. Han var òg konstituert dommar i Høgsterett i periodane april–juli 2007 og februar–juli 2009. I tillegg hadde han eit opphald som fellow visitor ved Cambridge University i 2007–08. Falkanger har vore høgsterettsdommar i Noregs Høgsterett frå 2010 og har permisjon frå Høgsterett medan han er sivilombodsmann.

Portrettbilete, Aage Thor Falkanger
Aage Thor Falkanger er den femte sivilombodsmannen sidan høgsterettsdommar Andreas Schei ble utnemnd som den første sivilombodsmannen i desember 1962.