Om Sivilombodsmannen

Stortinget har oppnemnt Sivilombodsmannen for å ta vare på enkeltpersonar sine rettar i møte med forvaltninga. Ombodsmannen arbeider for å gjere dei offentlege styresmaktene betre og bidra til at dei respekterer og sikrar menneskerettane.

Sivilombodsmannen er ein sjølvstendig og uavhengig instans med to oppgåver:

  • etterfølgjande kontroll av forvaltninga på bakgrunn av klager frå enkeltpersonar
  • førebygging av tortur og umenneskeleg behandling ved fridomstap

Klager på forvaltninga

Alle som meiner seg utsette for urett eller feil frå den offentlege forvaltninga kan klage til Sivilombodsmannen. Du kan til dømes klage dersom du meiner at eit vedtak eller ei avgjerd er feil, eller at styresmaktene har behandla ei sak på ein uriktig eller uforsvarleg måte. Sivilombodsmannen gjer ei rettsleg, objektiv og nøytral vurdering av klaga. Det er gratis å klage.

I dei sakene som blir tekne opp til nærmare undersøking, vil Sivilombodsmannen, dersom det er grunn til det, gje uttrykk for meininga si i form av ei fråsegn. Ombodsmannen kan peike på feil som eit forvaltningsorgan eller ein tenestemann har gjort, eller gjere forvaltninga merksam på manglar ved lover og reglar og måten dei blir praktiserte på.

Torturførebygging

Menneske som er fråtekne fridomen er i ein spesielt sårbar situasjon. Risikoen for å bli utsett for tortur eller nedverdigande behandling aukar ved fridomstap. Stortinget har gjeve Sivilombodsmannen eit særskilt ansvar for å undersøkje korleis rettane til menneske som er fråtekne fridomen blir tekne vare på, og det er oppretta ei eiga førebyggingseining hos ombodsmannen som har ansvar for dette arbeidet.

Ved å besøkje politiarrestar, fengsel, psykiatriske institusjonar, barnevernsinstitusjonar og andre stader der menneske er fråtekne fridomen, bidreg Sivilombodsmannen til å førebyggje overgrep mot menneske i lukka institusjonar. Etter eit besøk blir det skrive ein besøksrapport som skildrar funn og risikofaktorar som blei avdekte under besøket. Informasjonsarbeid, dialog og samarbeid, både på nasjonalt og internasjonalt nivå, er ein viktig del av førebyggingsarbeidet.

Hanne Harlem

Sivilombodsmannen blir vald av Stortinget kvart fjerde år. Ombodsmannen i denne perioden er Hanne Harlem, tidlegare kommuneadvokat i Oslo.