Ledige stillingar

Vi har for tida ingen ledige stillingar

Jobb hos Sivilombodsmannen

Sivilombodsmannen sitt arbeidsområde dekkjer dei fleste rettsområda som bli behandla av den offentlege forvaltninga. Som tilsett hos Sivilombodsmannen får du fagleg utfordrande og meiningsfylte oppgåver – ofte knytte til dagsaktuelle saker – og moglegheiter til å utvikle deg i eit inspirerande og sosialt arbeidsmiljø.

Sivilombodsmannen tilbyr oversiktlege arbeidsvilkår med løn og arbeidsvilkår etter hovudtariffavtalene i Staten. Tilsette har fleksibel arbeidstid, betalt overtid, IA-avtale, medlemskap i Statens pensjonskasse og gode moglegheiter til å delta på kurs og etterutdanning.

Sivilombodsmannen ser stadig etter medarbeidarar med solide faglege kvalifikasjonar og interesse for offentleg forvaltning. Ledige stillingar med lang varigheit blir utlyste offentleg og tilsetjing avgjort etter alminneleg konkurranse.

Vi tilbyr studentar deltidsstillingar, sommarjobb og praktikantstillingar

Som studenttilsett hos Sivilombodsmannen får du bidra til å styrkje rettstryggleiken ved å behandle klager frå personar som meiner at forvaltninga har gjort ein urett. Arbeidet inneber ansvar for eigne saker, og du vil vere med på å utarbeide grunnlaget for ombodsmannen sine fråsegner.

Ein jobb hos Sivilombodsmannen er høgt verdsett, og det er stor konkurranse om stillingane. Studentar som arbeider hos oss, må ha fullført tredje studieåret på ein mastergrad i rettsvitskap med gode resultat.

 

Studentstillingar

Deltidsstillingar

Stillingane blir utlyste offentleg og tilsetjing avgjort etter alminneleg konkurranse.

Sommarvikariat

Vikariata blir utlyste offentleg og tilsetjing avgjort etter alminneleg konkurranse.

Praktikantstillingar

Vi tilbyr praktikantplassar gjennom heile året. Denne ordninga blir administrert av universiteta.