Slik klagar du

Når du skal klage, er det viktig at du presiserer kva for eit forvaltningsorgan klaga gjeld. Vidare bør du grunngje klaga ved å forklare kvifor du er usamd i avgjerda.

  • Dersom du klagar på eit konkret vedtak, er det viktig at du legg ved ein kopi av vedtaket. Legg gjerne ved kopiar av andre dokument som kastar lys over saka, særleg brev eller dokumentasjon frå forvaltninga.
  • Dersom du klagar på lang behandlingstid eller manglande svar, er det viktig at du legg ved kopi av skriftleg purring til forvaltninga.
  • Du kan be om rettleiing frå ein saksbehandlar om kva for sakar ombodsmannen behandlar og korleis ein skriv ei klage. Det blir ikkje gjeve rettleiing om rettslege spørsmål. Rettleiing blir vanlegvis gjeven per telefon.

Det er mogleg å klage via vanleg brev, men vi rår deg til å bruke Sivilombodsmannen sitt klageskjema. Her vil du bli leidd gjennom klageprosessen steg for steg.

Send inn ei klage

Elektronisk klageskjema med fire steg: 1:Personalia, 2:Klagen, 3:Vedlegg, 4:Sammendrag

 

Døme på klagetekst:

 

Klage på avslegen søknad om sosialhjelp

Eg bur saman med dei to barna mine på 6 og 9 år. Det har vore svært vanskelig for meg å finne arbeid her i Lilleby, og av omsyn til barna er det ikkje mogleg for meg å jobbe nokon annan stad. Den einaste inntekta mi er eit lite bidrag og ein låg stønad frå NAV. Dette fører til at eg ikkje greier å dekkje naudsynte utgifter til t.d. klede og bustad.

Sosialtenesta har avslege søknaden min om sosialhjelp. Eg har klaga til Fylkesmannen, men klaga førte ikkje fram. Eg er ikkje samd i Fylkesmannen si avgjerd, fordi eg meiner at det ikkje er tatt omsyn til at eg betaler det meste av det barna treng. Bortsett frå barnebidrag, bidrar ikkje far med ekstrautgifter som oppstår, slik som barna sine legebesøk, medisiner, fritidssysler og lignande. Eg meiner Fylkesmannen burde ha tatt dette i betraktning da dei behandla mi klage på sosialhjelp.

Fylkesmannen si avgjerd blei teken for to månader sidan, så klaga mi er innanfor Sivilombodsmannen sin klagefrist på eitt år. Eg legg ved ein kopi av vedtaket frå fylkesmannen.

Kan ombodsmannen hjelpe meg?

Klage på saksbehandlingstida til Utlendingsdirektoratet

Eg klagar på vegner av mannen min, Mohammed Hussein. Eg legg ved ei fullmakt som viser at eg kan klage på hans vegner.

Klaga gjeld saksbehandlingstida til Utlendingsdirektoratet i familieinnvandringssaka til mannen min. Han søkte om familieinnvandring med meg for over 2 ½ år sidan, og saka er enno ikkje ferdigbehandla.

Korkje han eller eg har fått nokon som helst informasjon om kvar saka står, kvifor det tek så lang tid eller når saka vil vere ferdig. Vi har ringt til direktoratet mange gonger, men får aldri noko konkret svar derfrå. Vi har òg sendt fleire purringar til direktoratet utan at vi har fått noko svar. Eg legg ved kopiar av desse purringane.

Vi er svært fortvilte over situasjonen og håpar at ombodsmannen kan sjå nærmare på saka.