Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på spørsmåla som ofte blir stilt i samband med å klage til Sivilombodsmannen.

Er det mogleg å få rettleiing frå ein saksbehandlar?
 Ja, det er mogleg å be om rettleiing frå ein saksbehandlar om kva for sakar ombodsmannen behandlar og korleis ein skriv ei klage. Det blir ikkje gjeve rettleiing om rettslege spørsmål. Rettleiing blir vanlegvis gjeven per telefon.
Er det sett nokon frist for å klage til Sivilombodsmannen?
Ja. Klagefristen er eitt år. Fristen blir rekna frå den datoen då forvaltninga tek den endelege avgjerda i saka.
Kan eg klage til Sivilombodsmannen og forvaltninga på same tid?
Nei. Før du klagar til Sivilombodsmannen må du ha brukt alle klagemoglegheitene som finst i forvaltninga. Klager skal sendast til det offentlege organet som har teke avgjerda, men skal behandlast av eit overordna forvaltningsorgan.
Kan eg klage til Sivilombodsmannen på manglande svar / sein saksbehandling?
Ja. Ombodsmannen kan behandle klager på manglande svar og sein saksbehandling i forvaltninga. Du må først ha sendt ei purring til forvaltninga der du minner om saka. Dersom du så ikkje får svar innan rimeleg tid, kan du sende ei klage til ombodsmannen. Du må leggje ved purringa ein kopi av klaga.
Kan ein annan sende inn ei klage til Sivilombodsmannen på mine vegner?
Det er fullt mogleg å få ein annan til å sende inn klaga for deg. I så fall må det leggjast ved ei fullmakt der det går tydeleg fram at denne personen har fullmakt til å klage på dine vegner. Advokatar treng ikkje fullmakt for å klage på vegner av ein klient.
Kan Sivilombodsmannen endre ei avgjerd som forvaltninga har teke?
Sivilombodsmannen kan ikkje sjølv gjere om avgjerder eller påleggje styresmaktene å gjere noko, men som regel vil styresmaktene rette seg etter ombodsmannen sine fråsegner.
Kostar det noko å klage til Sivilombodsmannen?
Nei. Det er heilt gratis å klage til Sivilombodsmannen.
Kva for dokument bør eg leggje ved klaga min?
Dersom du klagar på eit konkret vedtak, er det viktig at du legg ved ein kopi av vedtaket. Legg gjerne ved kopiar av andre dokument som kastar lys over saka, særleg brev eller dokumentasjon frå forvaltninga.
Må eg nytte Sivilombodsmannen sitt klageskjema?
Vi tilrår at du nyttar Sivilombodsmannen sitt klageskjema, men du kan òg sende klaga som vanleg brev. Ver merksam på at dersom du skriv til oss per e-post, er det viktig at klaga ikkje inneheld sensitive personopplysningar.
Når kan eg vente svar på klaga mi?
Du vil få eit førebels svar i løpet av to veker. Dersom vi kan behandle saka di, vil du få informasjon om når du kan vente vidare svar frå oss.
Treng eg advokat for å klage til Sivilombodsmannen?
Nei. Du kan sjølv klage til ombodsmannen.