Før du klagar

Kven kan klage til Sivilombodsmannen?

Alle kan klage til Sivilombodsmannen, men du må sjølv ha vore utsett for den feilen eller forsøminga klaga di gjeld. Du kan få ein annan til å sende inn klaga for deg. I så fall må det leggjast ved ei fullmakt der det går tydeleg fram at denne personen har fullmakt til å klage på dine vegner. Til dømes kan ein organisasjon klage på vegner av ein medlem dersom medlemmen legg ved fullmakt eller underskriv klaga. Advokatar treng ikkje fullmakt for å klage på vegner av ein klient.

Den som er fråteken den personelege fridomen sin, til dømes innsette i fengsel, har rett til å sende klager til ombodsmannen i lukka konvolutt utan noka form for brevsensur frå institusjonen si side.

Forskjellige mennesker, tegnet illustrasjon.
Når kan eg klage?

Før du klagar til Sivilombodsmannen, skal forvaltninga få ei moglegheit til å ordne opp og ta eit endeleg standpunkt i saka di. Du må difor ha brukt alle klagemoglegheitene som finst i forvaltninga.

Kalender, tegnet illustrasjon

Du kan ta kontakt med det offentlege organet som har teke avgjerda for vidare rettleiing om klagesaka di. Når forvaltninga har teke endeleg stilling til dei spørsmåla som saka gjeld, kan du klage til Sivilombodsmannen.

Hugs at du må klage til Sivilombodsmannen innan det har gått eitt år frå det siste vedtaket i saka di blei gjort. Dersom klaga di gjeld sein saksbehandling eller mangel på svar, kan du klage medan saka di framleis er inne til behandling, men då må du ha purra først. Purringa må vere skriftleg og må leggjast ved klaga di til Sivilombodsmannen.

Kva kan eg klage på?

Sivilombodsmannen vurderer klager som gjeld statleg, kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Klagesakene kjem frå dei fleste rettsområda som det offentlege behandlar, mellom anna:

  • Plan og bygg
  • Trygd og pensjon
  • Helse- og omsorgstenester
  • Sosialhjelp og barnevern
  • Tilsetjingssaker
  • Kommunikasjon
  • Skattar og avgifter
  • Utlendingssaker
  • Offentlegheit og innsyn
  • Politi og påtale
  • Næring, landbruk og reindrift
  • Kriminalomsorg

I tillegg behandlar ombodsmannen mange klager på lang behandlingstid og manglande svar.

Kva kan eg ikkje klage på?

Sjølv om Sivilombodsmannen kan undersøkje dei fleste saksområde som blir handsama av offentleg forvaltning, er det nokre saker ombodsmannen ikkje kan behandle:

  • domstolsavgjerder og avgjerder som kan førast inn for domstolane ved anke
  • saker som Stortinget har teke stilling til
  • avgjerder tekne i statsråd
  • usemje mellom privatpersonar, til dømes tvistar mellom naboar eller i private kontraktstilhøve
  • tilfelle der det offentlege ikkje utøver offentleg mynde, men opptrer som ein privat part
  • saker som er avgjorde av kommunestyre eller fylkesting (med nokre unnatak)

Eignar klaga mi seg for Sivilombodsmannen?

Sivilombodsmannen er eit kontrollorgan som sjølv avgjer kva for saker som blir tekne til behandling. Nokre spørsmål er lite eigna for behandling og fråsegner frå ombodsmannen. Slike saker kan vere:

  • konfliktar mellom privatpersonar og forvaltninga der det er usemje om fakta i saka eller der synfaring er viktig for utfallet
  • skjønsmessige og faglege vurderingar som forvaltninga har gjort
  • saker der partane treng ei rettsleg bindande avgjerd

Mann fyller ut elektronisk klageskjema, tegnet illustrasjon..