![]() |
• om du har brukt den retten du har til å klage på forvaltningssaker
Finst det ein klageinstans eller eit tilsyns- eller kontrollorgan i forvaltninga som kan behandle saka, må klaga først rettast dit. Sivilombodsmannen skal ikkje behandle ei sak før ho er endeleg avgjord i forvaltninga.
• om du har halde klagefristen
Fristen for å klage til ombodsmannen er eitt år. Fristen blir rekna frå då forvaltninga tek endeleg avgjerd i saka, eller frå tidspunktet for det forholdet klaga gjeld.
Sivilombodsmannen kan undersøkje dei fleste typar saker og forhold som offentlege styresmakter har behandla og avgjort. Somme saker blir likevel ikkje behandla av ombodsmannen. Det gjeld mellom anna
• private tvistar
• verksemda ved domstolane
• somme avgjerder som er tekne av kommunestyre eller fylkesting
• saker som Stortinget eller Odelstinget har teke standpunkt til
• avgjerder tekne i statsråd
• verksemda til Riksrevisjonen
• saker som høyrer inn under Ombodsmannen for Forsvaret og Ombodsmannen for sivile vernepliktige
Kontakt oss dersom du er usikker på om ombodsmannen kan behandle di sak. Du kan ringje eller be om konferanse med ein saksbehandlar.
|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Martin Jæver E-post: postmottak@sivilombudsmannen.no |