Logo Sivilombudsmannen

  • Framsida
  • Om Sivilombodsmannen
  • Om å klage
    • Korleis klage
    • Klageskjema
    • Døme på klager
    • Døme på klagebrev
    • Spørsmål og svar
    • Saksgang for klaga
  • Offentleg journal
  • Fråsegner
  • Publikasjonar
  • Ledige stillingar
  • Om nettstaden
  • Kontakt
Listen to this page using ReadSpeakerLytt
a a a

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart

Søk

Du er her:

  • Om å klage
  • Saksgang for klaga

Saksgang for klaga

Klaga blir med ein gong gitt til ein saksbehandlar, som går igjennom klaga og vurderer om ho kan behandlast hos ombodsmannen. Dersom saka ikkje kan behandlast, får du beskjed om det i løpet av to veker. I alle fall får du i løpet av to veker eit førebels svar, med informasjon om når du kan rekne med å høyre nærmare frå ombodsmannen.

Deretter vil vi vurdere om det er grunnlag for å ta saka opp med det innklaga forvaltningsorganet. Vanlegvis tek denne vurderinga mellom fire og ti veker. Dersom det er grunnlag for å ta saka opp til slik nærmare undersøking, vil vi skrive brev til forvaltningsorganet og be om kommentarar til klaga. Ofte vil vi også stille konkrete spørsmål. Forvaltningsorganet vil som hovudregel få fire vekers svarfrist. Når ombodsmannen har fått svar frå forvaltningsorganet, får du høve til å kommentere det.

Dersom det ikkje er grunnlag for å gå vidare med klaga, får du ei grunngiving for dette i eit brev frå ombodsmannen.

Ombodsmannen vil til slutt seie si meining om saka.

Den saksbehandlingstida som er sett opp, er rettleiande.

Klage blir send til Sivilombodsmannen

Spørsmål og svar
Korleis klage
Klageskjema
Døme på klager
         

4 dager - 2 veker

Sivilombodsmannen vurderer om han kan behandle klaga.

Saker som ombodsmannen ikkje behandlar
         

Saka blir avvist. Klagaren får beskjed per brev.

Saker som ombodsmannen ikkje behandlar

Sivilombodsmannen skaffar seg dokument frå forvaltninga. Klagaren får eit førebels svar.

Saka blir behandla berre på grunnlag av dei innsende dokumenta og blir avslutta i løpet av kort tid.

Klagaren får tilbakemelding per brev. Klager over sein saksbehandling blir ofte behandla på denne måten.

Døme på sak om sein saksbehandling

       

4 - 10 veker

Saken blir behandla vidare.

         

Ombodsmannen finn grunn til å undersøkje saka nærmare og sender brev til forvaltninga.

Klagaren får beskjed per brev.
 

Ombodsmannen finn ikkje grunn til å undersøkje saka nærmare, og saka blir avslutta.

Klagaren får beskjed per brev.
       

3 - 6 månader

Undersøkingane i saka held fram. Klagaren får høve til å uttale seg.

     
       

4 - 12 månader

Sivilombodsmannen kjem med si fråsegn i saka.

Dersom fråsegna gir klagaren medhald, og saka endar med kritikk av forvaltninga, vil forvaltninga vanlegvis rette seg etter det ombodsmannen seier.

Kva kan Sivilombodsmannen gjere?
     

 Til toppen

Språkversjonar

Bokmål
Nynorsk
Samisk
English

Informasjonssider

Deutsch
FranÇais
Español
Русский  
اردو

العربية
中文
Polski

 
Årsmelding 2009
Publikasjonar

 

 

Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo
Telefon +47 22 82 85 00 Grønt nummer: +47 800 80039

Webansvarleg Martin Jæver
E-post: postmottak@sivilombudsmannen.no
Abonner på RSS