Logo Sivilombudsmannen

  • Framsida
  • Om Sivilombodsmannen
  • Om å klage
    • Korleis klage
    • Klageskjema
    • Døme på klager
    • Døme på klagebrev
    • Spørsmål og svar
    • Saksgang for klaga
  • Offentleg journal
  • Fråsegner
  • Publikasjonar
  • Ledige stillingar
  • Om nettstaden
  • Kontakt
Listen to this page using ReadSpeakerLytt
a a a

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart

Søk

Du er her:

  • Om å klage
  • Spørsmål og svar

Spørsmål og svar

Her finn du spørsmål som ofte blir stilte i samband med klager til Sivilombodsmannen.

Når kan eg klage til Sivilombodsmannen?
Kan eg klage til Sivilombodsmannen på manglande svar / sein saksbehandling?
Er det nokon frist for å klage til Sivilombodsmannen?
Kven kan klage?
Korleis skriv eg klaga?
Korleis blir klaga behandla?
Kva kan Sivilombodsmannen gjere?
Kva for saker arbeider Sivilombodsmannen med?

Kor lang tid tek det å få klaga behandla?



Når kan eg klage til Sivilombodsmannen?


Forvaltninga skal ha høve til å ordne opp og ta endeleg standpunkt til saka før det kan sendast klage til ombodsmannen. Gjeld klaga ei forvaltningsavgjerd, finst det i mange tilfelle ein høgre instans i forvaltninga som kan overprøve avgjerda. Då må dette høvet til å klage ha vore brukt før du klagar til Sivilombodsmannen. Til dømes må ei trygdeavgjerd som regel ha vore klaga inn for Trygderetten, og ei avgjerd i ei byggjesak eller sosialhjelpssak må først ha vore klaga inn for Fylkesmannen. Dersom du også etter endeleg avgjerd i ei slik klagesak meiner at det er gjort ein feil eller du har lide ein urett, kan du klage til Sivilombodsmannen.

Kan eg klage til Sivilombodsmannen på manglande svar / sein saksbehandling?


Ombodsmannen kan behandle klager på manglande svar frå og sein saksbehandling i forvaltninga. Du må likevel sjølv fyrst ha sendt eit brev til forvaltninga der du minner om saka. Dersom du deretter ikkje får svar innan rimeleg tid, kan du sende ei klage til ombodsmannen. Kopi av påminninga bør leggjast ved klaga hit.


 Er det nokon frist for å klage til Sivilombodsmannen?


Ja, klagefristen er eitt år. Fristen blir rekna frå den endelige avgjerda i saka hos forvaltninga eller frå tidspunktet for det forholdet klaga gjeld. Avvik frå denne regelen skjer berre unntaksvis. 

Kven kan klage?


Alle som meiner at dei er utsette for urett eller feil gjorde av offentlege styresmakter, kan klage til ombodsmannen. Men klagaren må sjølv ha vore utsett for den feilen eller forsømminga klaga gjeld. Ombodsmannen behandlar vanlegvis ikkje klager over noko som berre gjeld andre.Det er likevel ikkje noko i vegen for at ein annan sender inn klage på dine vegner. I så fall må det leggjast ved ei fullmakt der det går tydeleg fram at du gir vedkomande fullmakt til å klage til Sivilombodsmannen.Ein organisasjon kan klage til ombodsmannen på vegner av ein medlem. Då bør medlemmen medunderskrive klaga, eller det bør leggjast ved ei skriftleg fullmakt.Dei som er fråtekne den personlege fridommen sin, til dømes innsette i fengsla, har rett til å klage til ombodsmannen i lukka brev, det vil seie utan noka form for brevsensur frå institusjonen si side. 

Korleis skriv eg klaga?


Ei klage til Sivilombodsmannen må vere skriftleg og underteikna. Du kan bruke vanleg brev (døme på brev) eller fylle ut eit klageskjema. Dersom du bruker klageskjemaet, må det skrivast ut og sendast i posten. Alle brev med vedlegg blir skanna inn i saksbehandlingssystemet hor ombodsmannen, og det er derfor fint om du ikkje stiftar saman dokument eller bruker bindersar. Vi tek førebels ikkje imot klager på e-post.Det er viktig at du så presist som råd forklarer kva for eit forvaltningsorgan (kommune, direktorat, departement eller anna) klaga gjeld. Du bør også grunngi klaga ved å forklare kva for ein feil eller urett du meiner forvaltninga har gjort. Vanlegvis er det ikkje nødvendig å skrive meir enn ei side eller to.Dersom det er eit konkret vedtak du meiner er feil, må du opplyse om datoen for vedtaket og helst leggje ved ein kopi av det. Også andre brev og bilete eller kart som du trur kan kaste lys over saka, bør leggjast ved klaga. Sivilombodsmannens kontor kan også sjølv skaffe seg dei aktuelle saksdokumenta frå forvaltninga.Dersom du synest det er vanskeleg å setje opp ei klage, kan du vende deg til Sivilombodsmannens kontor og be om rettleiing frå ein saksbehandlar. Slik rettleiing kan du få på telefonen, eller du kan be om ein konferanse her. Tidspunktet må i tilfelle avtalast på førehand. 

Korleis blir klaga behandla?


Klaga blir med ein gong gitt til ein saksbehandlar, som går igjennom klaga og vurderer om ho kan behandlast hos ombodsmannen. Dersom saka ikkje kan behandlast, til dømes fordi ho er forelda, eller fordi du ikkje har nytta høvet til å klage til eit overordna forvaltningsorgan, får du beskjed om det i løpet av to veker. I alle fall får du i løpet av to veker eit førebels svar, med informasjon om når du kan vente å høyre nærmare frå ombodsmannen.Deretter vil vi vurdere om det er grunnlag for å ta saka opp med det innklaga forvaltningsorganet. Vanlegvis tek denne vurderinga mellom fire og ti veker. Dersom det er grunnlag for å ta saka opp til slik nærmare undersøking, vil vi skrive brev til forvaltningsorganet og be om kommentarar til klaga. Ofte stiller vi då også konkrete spørsmål. Forvaltningsorganet har som hovudregel fire vekers svarfrist. Når ombodsmannen har fått svar frå forvaltningsorganet, får du høve til å kommentere det.Dersom det ikkje er grunnlag for å gå vidare med klaga, får du ei grunngiving for dette i eit brev frå ombodsmannen.Ombodsmannen vil til slutt (i dei sakene som har vore tekne opp til nærmare undersøking) seie si meining om saka. Han kan peike på feil eller forsømmingar frå eit forvaltningsorgan eller ein tenestemann. Undersøkinga kan også ende med at ombodsmannen ikkje finn at det er gjort feil. Han kan vidare be forvaltningsorganet om å rette opp feil, forsømmingar eller uheldige avgjerder, til dømes ved å behandle saka på nytt. Men Sivilombodsmannen kan ikkje sjølv ta bindande avgjerder eller gjere om avgjerder som er tekne av forvaltninga. I dei aller fleste tilfella rettar styresmaktene seg etter oppmodingar og tilrådingar frå ombodsmannen.Du kan lese meir om saksgangen for ei klage her.  

Kva kan Sivilombodsmannen gjere?


Ombodsmannen kan seie si meining om forhold som kjem inn under hans arbeidsområde. Dei undersøkingane ombodsmannen gjer, kan med andre ord munne ut i kritikk av eller oppmodingar og tilrådingar overfor styresmaktene. Ombodsmannen kan peike på feil eller forsømmingar frå eit forvaltningsorgan eller ein tenestemann. Han kan også oppmode vedkomande forvaltningsorgan til å rette opp feil, forsømmingar eller uheldige avgjerder.Sivilombodsmannen kan ikkje sjølv ta bindande avgjerder eller omgjere avgjerder tekne av forvaltninga. Han kan heller ikkje gi rettsleg bindande instruksar til styresmaktene. I praksis rettar likevel styresmaktene seg etter oppmodingar og tilrådingar frå ombodsmannen.Når det gjeld skjønnsmessige forvaltningsavgjerder, har ombodsmannen berre i avgrensa grad høve til å komme med kritikk.Ombodsmannen kan også gjere merksam på manglar ved lover, regelverk og praksis frå styresmaktene si side. 

Kva for saker arbeider Sivilombodsmannen med?


Sivilombodsmannen kan undersøkje dei fleste typar saker og forhold som offentlege styresmakter har behandla og avgjort.Sivilombodsmannen kan ikkje behandle
• saker som Stortinget eller Odelstinget har teke standpunkt til
• avgjerder tekne i statsråd
• verksemda ved domstolane, under dette også administrative gjeremål som er lagde til dommarkontora, og avgjerder som etter uttrykkjelege lovreglar kan førast inn for domstolane ved bruk av anke, klage eller anna rettsmiddel, til dømes ei utpanting eller eit trekkpålegg
• verksemda ved Riksrevisjonen
• saker som høyrer inn under Ombodsmannen for Forsvaret eller Ombodsmannen for sivile vernepliktige
 

Kor lang tid tek det å få klaga behandla?


Saksbehandlingstida er avhengig av om det blir funne grunn til å ta saka opp til nærmare undersøking. Du får høyre frå ombodsmannen innan to veker etter at klaga er motteken. Du kan lese meir om saksgangen for klaga her. Til toppen
 

Språkversjonar

Bokmål
Nynorsk
Samisk
English

Informasjonssider

Deutsch
FranÇais
Español
Русский  
اردو

العربية
中文
Polski

 
Årsmelding 2009
Publikasjonar

 

 

Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo
Telefon +47 22 82 85 00 Grønt nummer: +47 800 80039

Webansvarleg Martin Jæver
E-post: postmottak@sivilombudsmannen.no
Abonner på RSS