Logo Sivilombudsmannen

  • Framsida
  • Om Sivilombodsmannen
  • Om å klage
    • Korleis klage
    • Klageskjema
    • Døme på klager
      • Innsyn
      • Tilsetjing
      • Skatt
      • Utdanningsstøtte
      • Byggjesak
      • Sosialhjelp
      • Barnebidrag
      • Utlending og visum
      • Kriminalomsorg (fengsel)
    • Døme på klagebrev
    • Spørsmål og svar
    • Saksgang for klaga
  • Offentleg journal
  • Fråsegner
  • Publikasjonar
  • Ledige stillingar
  • Om nettstaden
  • Kontakt
Listen to this page using ReadSpeakerLytt
a a a

Hurtiglenker

  • Kontakt oss
  • Sidekart

Søk

Du er her:

  • Om å klage
  • Døme på klager
  • Utlending og visum
Pass med stempel

Utlending og visum: Manglande svar frå UDI

Stikkord: Visumsøknad, manglande svar

Ali er opprørt fordi han ikkje får besøk av broren sin i Pakistan. Visumsøknaden blei avslått av den norske ambassaden i Islamabad. Ali har klaga på avslaget, men har ikkje høyrt noko frå Utlendingsdirektoratet. I eit e-brev til ombodsmannen bed han om at ombodsmannen omgjer avslaget og kritiserer den seine saksbehandlinga i direktoratet.

Ombodsmannen informerer Ali om at han eller broren i første omgang må etterlyse saka hos ambassaden eller Utlendingsdirektoratet. Dette er vanlegvis ein føresetnad for at ombodsmannen skal kunne undersøkje saka nærmare. Ombodsmannen vil derfor ikkje gå nærmare inn i saka no.

Dersom Ali og broren ikkje får informasjon om behandlinga av klaga, kan han sende eit nytt brev til ombodsmannen og klage på sein saksbehandling eller manglande svar. Eit slikt klagebrev må vere underskrive, og må derfor sendast med vanleg postgang. Ali må også leggje fram ei skriftleg fullmakt frå broren i Pakistan. Vidare er det nødvendig med meir informasjon om saka, mellom anna datoen for avslaget, referansen/saksnummeret frå ambassaden og datoen på klagebrevet og purringa(ne). Helst bør han også leggje ved kopi av avslaget og av purrebrevet.

Nærmare informasjon om kva ombodsmannen kan gjere i ei sak, kan Ali få på nettstaden til ombodsmannen, under menypunktet spørsmål og svar. Der vil han mellom anna sjå at ombodsmannen ikkje sjølv kan omgjere vedtak gjorde av utlendingsstyremaktene, slik Ali ønskjer. Det ombodsmannen kan gjere, er å gi uttrykk for si meining etter å ha undersøkt ei sak som er endeleg avgjord i forvaltninga.

 

 

 

Språkversjonar

Bokmål
Nynorsk
Samisk
English

Informasjonssider

Deutsch
FranÇais
Español
Русский  
اردو

العربية
中文
Polski

 
Årsmelding 2009
Publikasjonar

 

 

Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo
Telefon +47 22 82 85 00 Grønt nummer: +47 800 80039

Webansvarleg Martin Jæver
E-post: postmottak@sivilombudsmannen.no
Abonner på RSS