![]() |
Stikkord: Sosialhjelp til livsopphald, klage på vedtak, fylkesmannen
Peder søkjer om sosialhjelp til livsopphald. Søknaden blir godkjend, men Peder får mykje mindre enn han hadde rekna med. Han meiner at det må vere ein feil ved vedtaket, og at sosialkontoret gjorde feil i saksbehandlinga. Peder lurer på om han kan klage til Sivilombodsmannen.
Vedtaket til sosialkontoret kan påklagast til fylkesmannen. Denne klageretten må ha vore brukt før Sivilombodsmannen kan behandle saka. Peder må derfor først klage til fylkesmannen.
Peder sender ei klage til sosialtenesta, som står fast på vedtaket og sender saka vidare til fylkesmannen. Heller ikkje hos fylkesmannen får Peder medhald.
No som det endelege vedtaket frå fylkesmannen ligg føre, kan Peder klage til Sivilombodsmannen. Han passar på å halde seg innanfor klagefristen på eitt år (rekna frå tidspunktet for vedtaket hos fylkesmannen). Peder finn ut at det enklaste er å bruke klageskjemaet frå ombodsmannen. Han skriv ut skjemaet frå heimesida til Sivilombodsmannen, fyller det ut og legg ved ein kopi av vedtaket frå fylkesmannen. Klageskjemaet med vedlegg sender han til postadressa til ombodsmannen: Sivilombodsmannen, Postboks 3 Sentrum, 0101 OSLO.

|
Sivilombodsmannen Postboks 3 Sentrum 0101 Oslo |
Webansvarleg Martin Jæver E-post: postmottak@sivilombudsmannen.no |